Helsing til pinse frå biskop Solveig

Pinse er ei kvit due, pinse er fargerike ballongar mot himmelen. I pinsa kjem den heilage ande til oss.

Publisert:

Biskop Solveig helsar god pinse. Foto: Joakim Mangen
Biskop Solveig helsar god pinse. Foto: Joakim Mangen

Igjen sa han til dei: «Fred vere med dykk! Som Far har sendt meg, sender eg dykk.». Med desse orda anda han på dei og sa: «Ta imot Den heilage ande!

Slik står det i evangeliet etter Johannes 20, 21-22, og Jesus førebur  her disiplane på at Den heilage ande  skal koma  i pinsa. Så , i Apostelgjerningane  (kap. 2) får vi høyre om kva  som hende då Anden kom dit disiplane var samla.  

«Brått lét det frå himmelen som når ein sterk vind blæs, og lyden fylte heile huset dei sat i. Tunger, liksom av eld, synte seg for dei, skilde seg og sette seg på kvar og ein av dei. Då vart dei alle fylte av Den heilage ande og tok til å tala på andre språk etter som Anden gav dei å forkynna».

Dette  er dramatiske forteljingar , og det er ikkje heilt enkelt  å forstå kva  det er Den heilage  ande er og gjer.

Noko som held og ber 

På mange måtar er det kanskje salmediktarane  som best har klart å visualisere den heilage ande for oss, slik som i den folkekjære salmen «Måne og sol» vers 3;

«Ånden, vår trøst, levende varm og hellig og sterk, taler om Gud, bærer oss frem dag etter dag. Herren vår Gud vil vi takke»

Dette verset kjenner eg gir styrke og trøyst inn i den tida vi har no.  

At Guds ord er noko  levande, noko  som held  og ber (kan bera) oss gjennom alle dagar er ein  bodskap som ikkje kan seiast  for ofte. Den heilage ande knyter  oss saman - på tvers av landegrenser, generasjonar og livssituasjon. Anden  er levande og varm, heilag  og sterk.

Dagane vi opplever no er rare, med mange heilagdagtradisjonar  som må endrast. Men pinsa sin bodskap er framleis den same. Jesus let ikke menneska vera  aleine, sjøl  etter sin himmelfart. Nei, evangeliet er framleis verksamt, og Gud er oss nær oss, midt i det vi opplever å stå i. Kvar  einaste  dag, til alle tider.

Eg  ønsker alle saman  ei  god pinse!

Solveig Fiske

Hamar biskop

Kontaktinformasjon for Hamar biskop og bispedømmeråd

Sentralbordet er åpent
mandag-fredag 09.00-15.00 (10.00-14.00 i perioden 1. juli - 8. august)

Telefon +47 62 55 03 50 

 

 

 

 

 

Folkestadsgt. 52
2317 Hamar
Postboks 172
2302 Hamar
hamar.bdr@kirken.no

Fakturaadresse: 

Faktura sendes som EHF. Alternativt som pdf-faktura til vårt fakturamottak mb.12908@xledger.net (Merk: kun én faktura med vedlegg pr. e-post).

Org nr: 818 066 872
Ref: 2303101 + navn på bestiller

Pr. post:

Den norske kirke v/Hamar bispedømmeråd
Postboks 799 Sentrum
0106 Oslo

Vi ber om 30 dagers betalingsbetingelse. 

Ved vold og seksuelle overgrep
i kristen sammenheng:
kontakt Kirkelig ressurssenter
Tlf: 23 22 79 30
post@kirkeligressurssenter.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"